top of page
Fiskefestival på Lykling

 

På Lykling blir det ein innhaldsrik og sosial laurdag for store og små, når Trekløveren Grenda & Ungdomslag inviterer til Fiskefestival med påfølgjande quizkveld og dans!

Laurdag 5. juli går den årlege Fiskekonkurransen av stabelen på Lykling, og det lovar å bli ein festdag for heile bygda. Arrangementet finn stad ved Huset på kaien, og byr på fiske frå både båt og land med eigne klassar for born og vaksne.

– Påmelding startar kl. 11:00, og sjølve fiskinga går frå kl. 12:00. Det vert innveging frå kl. 15:00.

Kaféen held opent frå kl. 12:00 det vert loddsal med fine gevinstar, og sjølvsagt premiar til dei som får mest og størst fisk.

438108934_444675754877232_5814537265028072357_n.jpg
Quizkveld med Sverre frå Frugård

 

Når sola går ned, held festen fram i Grendahuset på Lykling, der det inviterast til quizkveld med Sverre Hagerup Sørensen, ein av dei mest erfarne quizmasterane på Stord.

– Sverre har i over 20 år hatt fast quiz på Bakeriet Frugård, og han er kjent for å skape god stemning både hos bedrifter, idrettslag og organisasjonar.

Han lovar ein kjekk og underhaldande quiz for deltakarar i alle aldrar – og målet er at alle legg seg litt klokare enn då dei stod opp, seier arrangørane med eit smil.

Baren opnar kl. 19:30, og quizzen startar kl. 20:30. Pris per person er kr 200,- og inkluderer snacks. Laga kan vere frå 3 til 10 personar.

Påmelding innan 22. juni

For å sikre plass på quizkvelden må ein melde seg på innan 22. juni ved å sende SMS til Tove Elin A. Simonsen på 932 68 889. Hugs å oppgi ditt namn og antal personar på laget. Betaling skjer ved inngang.

Etter quiz vert det spelt flott musikk, og alt ligg til rette for ein herleg svingom på dansegolvet.

– Me håpar både bygdefolk, hyttefolk og tilreisande tek turen til Lykling denne dagen. Her blir det aktivitetar for alle aldrar – og noko å gle seg til frå morgon til kveld!   

Foto: Bømlo Nytt

​​932 68 889

bottom of page